Send oss en forespørsel

Grøn vinnar i Klepp

Grøn vinnar i Klepp

Tu skule bruker 187 kilowattimar mindre energi per kvadratmeter enn rådhuset i Klepp. Systemet kommuen bruker, heiter Datavaktmesteren og kjem frå KE Automasjon som held til på Klepp stasjon.

Jærbladet, 25. okt 2017

I 2015 opna den nye skulen på Tu. Skulen blei bygd som eit passivhus, noko som inneber at bygget skal ha eit lågare energibehov enn hus som ikkje følgjer ein slik standard.

To år seinare kan prosjektleiar Arne Ove Teigen fortelja at dei energisparande tiltaka har fungert.


Kirsten Olafsrud Vestvik og Arne Ove Teigen viser fram det store, tekniske rommet på Tu skule.

 

– Eit passivhus skal ha eit maksimalt forbruk på 70 kilowattimar per kvadratmeter. Forbruket her er nede på 51 kilowattimar. I byggeforskrifta Tek 10 er det til samanlikning krav om 120 kilowattimar per kvadratmeter.

Rådhuset energiversting

– Energiforbruket kjem an på kvaliteten til bygningane. Den dårlegaste bygninga me har i Klepp, er rådhuset. Der bruker me 238 kilowattimar per kvadratmeter. Rådhuset har lite isolasjon, og ribbene av betong på fasaden lagar kuldebruer, seier Teigen.

Vedlikehaldssjef Kirsten Olafsrud Vestvik viser til nasjonale tal frå ein rapport som Statistisk sentralbyrå kom med i 2011.

– Gjennomsnittet for energibruk i tenesteytande næringar var 244 kilowattimar per kvadratmeter. Men her finn ein mange typar bygg, også slike som folk bur i. Ut frå aktivitetsnivået i rådhuset skulle det hatt låg energibruk, for der er det ingen som lagar mat og dusjar, seier Vestvik.
Vestvik og Teigen viser til at Kleppetunet og Sirkelen har eit forbruk på 213 kilowattimar.

– Men her er det også eit basseng med varmt vatn til å bada i, seier Teigen.

Energi frå djupet

Fleire ulike tiltak bidreg til å gjera Tu skule til ein energivinnar i Klepp.

– Det er elleve energibrønnar ute på plassen her. Dei er 200 meter djupe. Der hentar me vassboren varme som me tek ut med varmepumpe. Det kalde vatnet blir sendt tilbake, forklarer Teigen.

Tak og veggar er også med på å redusera energibruken.

– I veggane er det 30 centimeter med isolasjon, i taket er det 50 centimeter og i golvet er det 20 centimeter. Lite varme slepp ut gjennom vindauga. Dei har tre lag, og det er gass mellom laga. Om ein ikkje gjer bygninga tett, blir ho kjølt ned av vinden, seier Teigen.

– Me har mykje naturleg ventilasjon på rådhuset, seier Vestvik og ler.

Energistyring

Frå rådhuset kan ein styra energibruken i dei fleste kommunale bygningane i kommunen. Systemet kommuen bruker, heiter Datavaktmesteren og kjem frå KE Automasjon som held til på Klepp stasjon.

– Dette systemet blir lagt inn i alle nye bygningar, seier Teigen.

– På dei gamle bygningane installerer me systemet når me får pengar til det, seier Vestvik.

– Ventilasjonssystemet går på eit minimumsnivå når det ikkje er folk i eit rom. Systemet måler nivået av karbondioksid i lufta, så om det er mange folk til stades, aukar ventilasjonen. Det er også sensorar som registrerer rørsler. Vindauga skal det ikkje vera behov for å opna, seier Teigen.

Lysa på skulen går av dersom det ikkje er folk i romma. Lampene er utstyrte med led-lyspærer.

– Desse pærene har eit veldig lågt energiforbruk. 5-6 watt tilsvarer 50–60 watt med vanlege lyspærer, seier Teigen.

– Dessutan varer dei lenge, så vaktmeisteren slepp å skifta dei så ofte, seier Vestvik.

Teknisk rom

Dei to viser veg til det tekniske rommet som ligg i øvste etasje.

– Dei fleste tekniske rom er knøttsmå, seier Vestvik.

Dette rommet er definitivt ikkje lite. Det rommar mellom anna ventilasjonsanlegg, maskinar som tek seg av varmegjenvinning, og stasjonar som gjev oversikt over energibruken.

Teigen fortel at det har kosta 1758 kroner per kvadratmeter å gjera skulen energieffektiv. Bygninga er 5000 kvadratmeter stor.

– Me fekk 1,4 millionar kroner i tilskot frå Enova, seier han og legg til at ein ikkje får støtte til passivhus lenger, då slike hus no er blitt meir vanlege.

Enova er eigd av Olje- og energidepartementet. Selskapet skal bidra til omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Hindrar flaum

Eit anna grønt tiltak på skulen er at taket er dekt med planter.

– Plantene tek opp ein del vatn. Det har fungert bra, men det har blitt ein del meir luking enn venta, seier Teigen.

Skulen har også eit stort basseng som samlar opp regnvatn for å hindra flaum.

– Me har utvida det slik at bustadfeltet ved sida av også har fått kopla seg til.

I energi- og klimaplanen til Klepp kommune går det fram at kommunen skal planlegga minst ei kommunal bygning som skal vera eit fyrtårnprosjekt med omsyn til energi- og klimavenlege løysingar.

– Dette må vel vera fyrtårnbygget, seier Vestvik.